|
|
Hallingkost Distribusjon
Hallingkost har lykkast med si eiga sals- og distribusjonsløysing i Hallingdal. Det sikrar hallingkosten lett tilgang til butikkar og andre utsalsplassar.
I staden for å selje varene til ein grossist, har dei lokale produsentane i Hallingdal gjennom Hallingkost Distribusjon sjølv teke hand om salsarbeidet. Dette har blitt ei både betre og billegare løysing enn å legge salsarbeidet i hendene til eksterne aktørar.
Ann Irene Haugen er tilsett i deltidsstilling og reiser rundt til daglegvarebutikkar og utsal. Her følgjer ho opp den lokale maten i butikkhyllene, og ho sørgjer for å fylle på av varer. Sjølve utkøyringa av maten blir gjort av Bama.
Sal og distribusjon er ei stor utfordring for lokale småskala-produsentar. Produsentane i Hallingkost har gått saman for å løyse dette gjennom Hallingkost Distribusjon. Dette er fornuftig bruk av ressursar, det strykar produsentane og det gjer arbeidet med å ta inn lokal mat enklare for butikkane. Hallingkopst Distribusjon er eit reint kommersielt selskap som er eigd og blir drive av dei største produsentane i Hallingkost. Pr. i dag er desse med i selskapet: Gunvald kjøkken, Otto Christophersen, Himmelspannet, Tamt&Vilt, Hemsedal Flatbrødbakeri, Leveld Lefsebakeri og Bruse Gårdsmeireri.
Salsmedarbeidar: Ann Irene Haugen – tlf: 906 68 791 Styreleiar: Jette Ellseth, Himmelspannet – tlf: 988 40 675 |
27/01/10
bu prismeny fra Fossheim Hotell
29/9/10
Januarseminar Hemsedal 2010
26/09/09
Bygdeutviklingspris til Hallingkost
15.03.10
Vel blåst Januarseminar i Hemsedal
|
||
| Bygget med WideCMS Express fra BeWide Technologies Publisert med WideCMS 4 | ||||