Norsk Fjellmatsenter

Norsk fjellmat er rein og kortreist mat som interesserer stadig meir kvalitetsbevisste matkundar, og fjellmat og fjellmathausting gjer opplevingsprodukt meir lønsame.
Hallingkost BA stifta Norsk Fjellmatsenter 18. desember i 2008. Initiativet har brei støtte og er ynskt frå næringsaktørar innan reiseliv o
g landbruk.
Fylkesmannen i Buskerud, Innovasjon Norge Buskerud, Buskerud fylkeskommune, Regionrådet for Hallingdal og Hol kommune er med og finansierer ei etablering på Geilo. Målsetjinga er å gjera selskapet om til ei stifting
med regionale og nasjonale eigarar.

Norsk Fjellmatsenter er møteplassen.

Det blir gjort mykje bra med fjellmat på ulike stader i landet. Norsk Fjellmatsenter skal vera møteplassen og koordinatoren blant fjellmataktørar innan forsking, nyskaping, produksjon, opplæring og formidling.

Norsk Fjellmatsenter vil gjennom samarbeid og erfaringsoverføring styrke alle regionar og aktørar som ynskjer å satse på norsk fjellmat. Norsk fjellmat ser ingen konkurrentar, berre samarbeidsaktørar i den norske fjellmatklynga.

Ynskjer du meir informasjon, kontakt vår prosjektleiar Harald Bjelke på
tlf. 414 31 910,
harald.bjelke@capgemini.com

eller dagleg leiar i Hallingkost Eldgrim H. Springgard
på tlf 932 37 236,
eldgrim@hallingkost.no

Bygget med WideCMS Express fra BeWide Technologies     Publisert med WideCMS 4