Himmelspannet

På stølane i Hemsedal, i retteleg gamal tid, hende det at budeiene oppdaga at noko av mjølka på mystisk vis var borte. Sagnet fortel at Haugafolket hadde vore der og at den beste mjølka havna i himmelspannet i ly av nattemørket.

Me har funne Himmelspannet! Det inneheld mjølk frå geit og kyr som har beita mellom mektige fjell og under ein stor himmel, langt til fjells i Hemsedal.

No blir mjølka frå Himmelspannet ysta til dei mest herlege ostar.
Slik kan eventyret halde fram.

Himmelspannet
Rampa, 3560 Hemsedal
Thomas Kraft Ophus
Mob: 94 48 25 25
E-post: post@himmelspannet.no
www.himmelspannet.no